Tirsdag 10.11

I dag var det 7 medlemmer og en gjest som var innom og det vart gjort ting alle plassar i lokalet.

På klubbrommet har vi no fått opp klappseta som vi har arva frå en Type 92. Dei var bemerkelses verdig gode å sitte på.

Klappseter frå Type 92
Klappseter frå Type 92

I gangen over arbeidsbenken har vi no fått opp oppheng for snekkerverktøyet slik at det heng lett tilgjengeleg.

Nytt oppheng i gangen
Nytt oppheng i gangen

På Vindheim går det frammover med legging av skinner.

Svein i gang med sporlegging på Vindheim
Svein i gang med sporlegging på Vindheim
Sporlegging på Vindheim
Sporlegging på Vindheim

Vidare så vart det jobba med bakvegg og bæreing for andre nivå. Fleire modular vart og påbegynt.IMAGE_017IMAGE_018

Halve Øvre Fiklagard er no kobla elektrisk. Vi har fått tak i små nummerdingsar slik at vi får nummerert kablane i samsvar med spora dei er kobla til.

Elkobling på Øvre Fiklagard
Elkobling på Øvre Fiklagard
Kortslutnings sikring Øvre fiklagard
Kortslutnings sikring Øvre fiklagard


Jan-Rune


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *