Kvelden gjekk stort sett til elektroarbeid. Det direkte spormessige har Svein alt omtalt.
Kabelgater for 230 V er no på plass rundt heile taket. Vi har starta å strekke kabel for lyset som skal vere over anlegget. Vi må få tak i meir kabelgater til kjørestrøm, cab bus osv.
Det vart lagt ut kabel for kjørestraum til Fiklagard (seinare Rivesund) og Undredal. Desse er kobla i skapet og patcha vidare til booster 1. Vi manglar dÃ¥ 230V inne i skapet. Det vart ikkje kobla i mangel av 2 pola brytar. Vi satstar pÃ¥ Ã¥ fortsette med Ã¥ kunne slÃ¥ av heile anlegget med 1 brytar. Enkelt og sikkert 🙂
Jan-Rune