Warning: Trying to access array offset on value of type null in /customers/2/3/4/tmjk.no/httpd.www/blog/wp-content/themes/septera/includes/loop.php on line 268

Arbeidsmøte 14.08 2007

Ny økt i dag og ein milepæl er nådd:Vi har skrudd opp første L- profil som anlegget skal ligge på. Den andre sette vi opp bein på med tvinger. Klokka var så mykje at det var på tide å avslutte. Nøyaktig nivelering og festing vert nok gjort neste tirsdag. Dei omtalte L-profilane er ute i gangen og skal no i første omgang brukast til arbeidsbord der vi feks kan bygge på modulane som skal inn på hovudrommet.

Elektrikaren kobla ledningar i gangen på armatura eg monterte tidlegare i sommar slik det no er lys der. Han rydda og opp i stikk kontaktene som hang inne på hovudrommet.

Vi skrudde ned fleire lys armatur i taket på hovudrommet fordi dei var i konflikt med det nye taket. Det vart litt mørkt så vi bør nok skaffe nokre arbeidslys.

Jan-Rune

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *