Warning: Trying to access array offset on value of type null in /customers/2/3/4/tmjk.no/httpd.www/blog/wp-content/themes/septera/includes/loop.php on line 268

Rydding på verkstedet 07.10 (og litt andre ting)

Hei.

Åge hadde skaffa fleire småsnop kasser til lagring. Vi fikk dermed fylt fleire av dei med kable restar som vi har sortert for vidrae bruk. Det er no laga hyller over benken tilpassa desse kassene som forøvrig er gjennomsiktige. Det vert dermed lett å sjå kva som er i og lett å nå tak i.

Vidare gjekk vi laus på noko 15 par telefon kabel. Vi strippa den for ytre isolering og tvinna den frå kvarandre. Vi fikk etterkvart god teknikk på oppsnurringa.

Ellers vart det sparkla og pussa bakgrunn. Det vart og starta å sjå på oppheng av andre høgd. Døropninga til den innerste døra til anleggsrommet fikk og eit kosmetisk løft ved påsetting av plate.

Jan-Rune

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *